Telseth HMS

OM MEG

Odd-Jonny Telseth er både autorisert sjukepleiar og verneingeniør. Har arbeidserfaring frå private, kommunale, og fylkeskommunale verksemder i tillegg til lang praksis frå bedriftshelseteneste.

Odd-Jonny Telseth

HMS-seniorrådgivar | Verneingeniør | Bedriftssjukepleiar | HPR 47727668


Mobil: 99389771
E-post: odd-jonny@telseth.no


Eg starta som bedriftssjukepleiar i bedriftshelsetenesta i 1999 etter fleire år på kirurgisk og akuttmedisinsk avdeling på Haukeland Sykehus. I 2006 utdanna eg meg vidare til verneingeniør ved Høgskulen i Haugesund og har sidan det i hovedsak arbeid med yrkeshygeniske oppgåver. Det har vore bistand på risikovurderingar med ulike målingar og vurderingar av fysiske arbeidsmiljøfaktorar hjå kundar.  Eks. slik som støy, vibrasjonar, inneklima, stråling, kjemikaliar, røyk/støv og biologiske faktorar.  Har dei siste 20 åra vore tilsett i Avonova Helse som er ein av dei største bedriftshelsetenestene i Scandinavia. Eg har i løpet av denne perioden også hatt andre roller og oppgåver slik som gjennomføring av arbeidshelsekontrollar, yrkesvaksinering, øreavstøypingar, oppfølging av AKAN avtalar med opplæring og rustesting på fartøy og bedrifter. Er sertifisert instruktør i førstehjelp og hatt ansvar for industrivernøvingar o.l.  Har i monge år vore ein del av kriseteam med handtering og debrief etter krise/hendingar/ulykker. Har også  undervist i grunnkurs arbeidsmiljø (40 t.) og ASH (40 t.) kurs for sjøfolk, samt ei mengde spesifikke kurs innan yrkeshygiene og systematisk HMS.  Er medlem av Norsk Yrkeshygienisk Forening (NYF).

Før eg utdanna meg til sjukepleiar var eg utdanna maskinteknikar og jobba litt som motormann og montør for settefiskanlegg, samt i  produksjon av komposittmaterialer.  Meinar at eg har ein praktisk tilnærming til å finne gode og enkle løysingar innan HMS. 


Ta kontakt for ein uforpliktande samtale om kva eg kan hjelpe di bedrift med